Emil Andre Nordtveit, Erik Rolland og Ine Tumyr.
Emil Andre Nordtveit, Erik Rolland og Ine Tumyr.

Gode tider for «Mighty Magnolias»

Mighty Magnolias surfar vidare på strålande kritikkar og gode spelopplevingar.

Fredag kom den siste stadfestinga av at Os og Fusa-bandet må ha gjort mykje rett, då dei laga «Somewhere North Of Nowhere». Den svært så gode musikkmeldinga kom i Dagbladet.

- Gratulerer med nok ein fin platemelding, Ine?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Å, tusen takk. Ja, dette var veldig kjekt. Det tok litt tid før Dagladet meldte plata, men då den først kom var den jo kjempeflott. Her er det full jubel, seier vokalist og sambuar med hovudvokalist og låtskrivar Emil Nordtveit, Ine Tumyr.

Dagbladet gjev plata terningkast fem, skryt generelt av musikkmiljøet i Os og konstaterer at det finst meir i Os enn Aurora.

Også «Orbo & The Longshots» også Gina Aspenes vert nemnd i saka.

Mighty Magnolias med sin faste besetning. Frå venstre William Rolland, Stian Tumyr, Emil André Nordtveit, Erik Rolland og Ine Tumyr. (Privat foto)
Mighty Magnolias med sin faste besetning. Frå venstre William Rolland, Stian Tumyr, Emil André Nordtveit, Erik Rolland og Ine Tumyr. (Privat foto)

«Magnolia er ei vakker plante, og det kan man også si om musikken til Mighty Magnolias - et band ulikt de fleste her til lands», heiter det i meldinga til Øyvind Rønning i Dagladet.

Tidlegare har plata fått strålande kritikk mellom anna i Romerikes blad og på Musikkbloggen.

Strålande sommar

Bandet har på alle måtar hatt ein strålande sommar. For to veker sidan spelte dei på Vesterås City Festival. I helga spelte dei på Snikkeriet i Rosendal.

- Begge deler var kjempekjekt. Festivalen i Vesterås var jo gedigen. Ein heil byfestival, av typen Bergensfest. Der spelte me på ein eigen scene for country-inspirerte band. I Rosendal var det mindre og meir intimt, men nesten like kjekt, med fleire kjente blant publikum og slikt, fortel Ine.

Dei neste vekene skal bandet ha litt ferie.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det blir litt speling på mindre private tilstellingar. Etter det skal Emil og eg ein tur sydover og få litt sol. Den første større spelejobben etter det vert Chicken Farm Festival i Asker 3. september.

Inspirert låtskrivar

Elles har Emil verkeleg late seg inspirera av dei gode meldingane og dei kjekke spelejobbane. På heimebane og på vegen skrive han låtar så blekket spruter.

- Han berre ristar dei ut av erme, ein etter ein, humrar Ine.

- Han har sikkert skrive 30 nye sidan han var ferdig med låtane til den første plata, fortel ho.

- Når trur du det vert tid for plate nummer to?

- Tja, til hausten vert det nok meir live-jobbing, så kanskje nyåret og vinteren kan vera aktuell. Me skal i alle høve i løpet av 2017. Det trur eg er rimeleg sikkert, konstaterer Ine.