Lill-Karin Wallem ved NMS Gjenbruk tek i mot brukte FM-radioar for vidareformidling til Kamerun.
Lill-Karin Wallem ved NMS Gjenbruk tek i mot brukte FM-radioar for vidareformidling til Kamerun.

Gi radioen din nytt liv i Kamerun

- Når det først er så gale at me skal kasta fullt brukande radioar i Noreg, så er det betre at andre får nytte av dei, seier Lill-Karin Wallem.

Overgangen frå FM-nett til DAB er alt gjennomført i Nordland, og den 21. juni forsvinn NRK-kanalane frå FM-nettet i Hordaland. På NMS Gjenbruk fekk dei ein lys idé då dei skjønte at dette ville skapa eit berg av radioar som ikkje lenger er brukande i Noreg.

Vil gjera noko positivt ut av det

- Eg må jo seia at eg synest det er heilt vilt at fullt fungerande radioar skal skrotast. Men når det først er slik, så synest me at dei som framleis har bruk for radioane, kan få nokre av våre, seier Lill-Karin Wallem ved NMS Gjenbruk i Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noreg er nemleg åleine i verda om å stengja FM-nettet, og ei rekkje land har altså framleis bruk for radioar av denne typen. Ein stad der ein fungerande radio ikkje er noko sjølvsagt, er det afrikanske landet Kamerun. Norsk Misjonssamband, som har arbeid i landet frå før, vonar at dei kan samla inn 2.000 radioar på landsbasis som kan sendast til landet.

Vonar folk vil sjå det som ein donasjon

Men det er ikkje gratis å senda radioar så langt, og det kostar difor 50 kroner å levera inn radioar til gjenbruksbutikken.

- Me håpar jo at folk vil sjå på det som ein fin sjanse til å donera ein liten sum til eit positivt gjenvinningsprosjekt, seier Wallem.

Aller helst vil dei ha små radioar som er hendige å handtera og senda.