Fusa-bandet Inculter.
Fusa-bandet Inculter.

Fusisk metall til Oseana

P3 er begeistra for death metal-bandet Inculter. 15. oktober varmar rockarane frå Fusa opp for Enslaved.

Komande laurdag slepper Oseana haustprogrammet. Der finn vi mellom anna Inculter, eit ungt, norsk death/thrash metal band frå Fusa.

Ifylgje musikkjournalist i NRK P3, Asbjørn Slettemark, spelar dei "stygg og skurrande thrashifisert metal" og "kan trygt karakteriserast som lovande".

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ein utseld EP i 2013 og tallause konsertar, kjem bandet til Oseana med debutplata «Persisting Devolution».

Og sjølv om bandet førebels berre er oppvarmarar for kveldens hovudattraksjon Enslaved, er Inculter eit band å rekna med framover.

Nordnorsk på engelsk

Fredag 25. september kjem Anneli Drecker med fullt band. Songaren har fått strålande kritikk for albumet «Rocks and Straws», der ho syng nordlandsdiktaren Arvid Hanssens lyrikk i engelsk språkdrakt.

Drecker er kjend som tidlegare vokalist i Bel Canto, Idol-dommar og deltakar i «Hver gang vi møtes».

Førstereis

Ein månad seinare, 25. oktober, står Helge Jordal på scena med framsyninga «Førstereis».

Teaterhistoria om guteheimsbarnet Martin som rømer til sjøs, gjekk nyleg for fulle hus på Den Nationale Scene.

Lennon

31. oktober kjem Tor Endresen med sitt John Lennon-show som gjekk på Ricks tidlegare i år.

Beatles-legenda ville ha fylt 75 år i år, og på scena får vi ei av rockehistorias mest fasinerande historier, henta frå Lennons eigne dagboksnotat.

Artikkelen held fram under annonsen.

All musikk er sjølvsagt signert Lennon/McCartney.

Jazzdiva

Jazzfansen kan gle seg til ein kveld med Silje Nergaard Trio onsdag 11. november.

- Vi skal gje publikum ei konsertoppleving som er både intim, energisk og vakker, med både nye og kjende låtar, seier Silje.

Kondolerer

13. november kjem komikar og programleiar Else Kåss Furuseth med noko så sjeldant som eit morosamt show om sjølvmord og tap.

«Kondolerer» er Else si eiga historie om å mista bror og mor i sjølvmord og balanserer humor og alvor i ei openhjarta forteljing om livet.

Lesestund med graut

Oseana satsar også vidare på Lesestund med graut nokre laurdagar fram mot jul. Her vert Mari Lyssand og Frode Sirevaag med som opplesarar. Det vert jazzkafe, senioruniversitet og framsyningar frå Riksteatret og mykje, mykje meir.