Brorparten av dugnadslaga som deltek i Hold Norge Rent er velforeiningar og sameige. - Det er ekstra kjekt når skular deltek, for dei rykkjer gjerne ut med fleire klassar og ryddar store område, seier Tina Skudal i BIR.
Brorparten av dugnadslaga som deltek i Hold Norge Rent er velforeiningar og sameige. - Det er ekstra kjekt når skular deltek, for dei rykkjer gjerne ut med fleire klassar og ryddar store område, seier Tina Skudal i BIR.

Frivillig innsats som fortener ros

Tina Skudal i BIR er imponert over innsatsen osingar og fusingar legg ned for å halda nærområda fine og reine.

- I Os og Fusa er det til saman 29 påmelde lag i «Hold Norge Rent», som er ein årleg vårdugnad vi arrangerer. 17 frå Os og tolv frå Fusa. Det viser at det er stor vilje til å halda nærområda fine og reine i desse kommunane. Eg synes dei fortener ros for den store frivillige innsatsen dei legg ned.

Skapar sunne haldningar

Historikken viser at brorparten av dugnadslaga er velforeiningar og sameige. Det er òg ein del skular som har dette som tradisjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ekstra kjekt når skular melder seg på. Då rykkjer dei gjerne ut fleire klassar, og ryddar over store område. Dessutan meiner vi at dette er haldningsbyggjande arbeid. Om ungane ser kor mykje boss som ligg i naturen, og er med på å halda han rein, så hindrar det kanskje at dei forsøplar i framtida, seier Skudal og legg til:

- Det er først når ein er ute og plukkar boss at ein registrerer dei store mengdene. Det er nok med på å opna auga til mange.

-Det finst folk som utnyttar prosjektet

«Hold Norge Rent» går over tre veker, og vi er no inne i siste veka.

Hold Norge Rent starta i 2001, og på det meste har over 300 dugnadslag delteke i den årlege vårreingjeringa.
Hold Norge Rent starta i 2001, og på det meste har over 300 dugnadslag delteke i den årlege vårreingjeringa.

- Det er framleis tid til å melda seg på. Ein finn påmeldingsskjema i vårt kundeblad, Bossanova, eller så kan ein fylla ut skjema på heimesida vår. Dei som vil kan også kontakta oss på telefon. Alle kan henta sekkar og hanskar gratis på gjenvinningsstasjon eller på kommunehuset. BIR tek hand om dugnadsbosset gratis, seier Skudal.

- Finst det folk som utnyttar vårdugnaden ved at dei ryddar i hage og hus og leverer det gratis på stasjonen?

- Vi har opplevd at det er folk som har dugnad på sin private eigedom. Dette er ein offentleg dugnad, og det er ikkje meint for at folk skal rydda loftet eller hagen. Eg har ikkje høyrt at det har skjedd i år, men det har skjedd tidlegare. Heldigvis er dei fleste inneforstått med at dei ikkje skal gjera det.

Starta i 2001

I fjor var det 254 dugnadslag, og det blei plukka 2.314 sekkar med boss. På det meste har over 300 dugnadslag vore med på vårrydding.

- Vi starta Hold Norge reint i 2001. Eg har ikkje tala for alle åra, men i fjor skal ha vore det året kor vi fekk inn nest mest boss gjennom desse åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

For dei som ønskjer å bidra, så er det berre til å koma i gang, fortel Skudal.

- Er ein kjempesmart, så gjennomfører ein dugnaden dagen før vi hentar bosset, seier Skudal og smiler.

- Men det er ikkje eit krav. Ein kan òg ha dugnad måndag om bosset skal hentast fredagen. Det går heilt fint.