jakten på det gjenglemte.
jakten på det gjenglemte.

Framsyning av eigenprodusert musikal

Onsdag neste veke debuterer elevar frå VG2 på Fusa vidaregåande med eigen musikal.

- Dette er første gong Fusa vidaregåande skule har produsert ein musikal, seier Amalie Holmefjord (16), som er leiaren for prosjektet.

Ho har med seg resten av klassen på studieførebuande på VG2. Dei har laga manuset sjølv, i tillegg til dansar, og dei skal sjølvsagt synga.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men songane har me lånt frå andre. Dei er ikkje eigenkomponerte, seier Holmefjord.

Kan ikkje røpa alt

- Kva er temaet?

- Det spelar litt på 25-års-jubileet til skulen. Det handlar om nokon som kjem tilbake til skulen for å finna att noko dei har gløymd. Mer vil eg helst ikkje seia. Eg kan jo ikkje røpa alt, seier Holmefjord.

Heile klassen er involvert, sjølv om publikum ikkje får sjå alle på scenen.

- Alle er med på ein eller annan måte. Nokre av elevane jobbar i kulissane eller i kiosken, seier Holmefjord.

To framsyningar

16-åringen har delteke i musikalar tidlegare, men ho har aldri vore med og produsera ein.

- Det har vore ganske utfordrande, men no som me er i gang med øving og slikt, så er det kjempekjekt.

Det vil bli to framsyningar av musikalen førstkomande onsdag. Alle elevar frå Fusa vidaregåande kjem gratis inn.