Laila Moberg, Karoline Hille Nordstrønen, Tobias og Baste Moberg Træen.
Laila Moberg, Karoline Hille Nordstrønen, Tobias og Baste Moberg Træen.

Frå spøk til alvor

Det starta som ein spøk frå Laila Moberg, men i dag hamnar ho under nåla. Også sønene hennar, Tobias og Baste Moberg Træen får blekk på kroppen under Oselvarfestivalen.

- Eg har alltid sagt at eg har tatoveringane mine på innsida. Eg har altså ingen utvendige tatoveringar, seier Laila, som var litt nervøs då vi trefte på ho i Oselvarnaustet.

- Eg har sagt at eg skal gjera det, men eg blei brått litt usikker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha tenkt seg litt om, fall ho ned på at ho skulle gjera det. Ho valte osrosa.

Valte oselvaren

Tatovørane, Karoline Hille Nordstrønen frå Leading Light og Torkjell Rød frå Let´s Buzz, var i år del av Oselvarfestivalen. Dei sat klare i Oselvarnaustet frå om lag klokka 10.00 i dag laurdag. Først i stolen til Karoline, var Tobias.

- Dette er min første tatovering. Vi fekk med oss tilbodet, og tenkte at vi skulle ta ein tatovering kvar heile gjengen. Søstera vår trekte seg i siste liten, for ho skulle noko anna, men ho har alt fleire tatoveringar, seier Tobias og held fram:

- Eg har valt oselvaren. Eg skal ha tatoveringa på venstre skuldra. Oselvaren er ein vakker båt, og eit nasjonalsymbol.

Hai på ankelen

Baste har vore under nåla ein gong før. I sommar. I Magaluf.

- Det slo meg ein kveld at det kunne vera kjekt med ein tatovering. Eg tok ein hai på leggen. Det er nok ikkje den flottaste tatoveringa som finst, seier Baste, som tydeligvis ikkje er supernøgd med resultatet.

- Eg tek ikkje kroppen min så høgtidleg. I dag skal eg få Undino på kroppen, seier han.

Strøymde på utover dagen

Tobias er i mål med sin oselvar, medan Laila og Baste skal under nåla i ettermiddag. Det var ikkje så mange som hadde møtt opp då tatovørane opna dørene i dag tidleg, men folk strøymde på utover dagen for å sjå på, eller for å få seg ein tatovering av eit av dei mange morosame og kreative Os-motiva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er kulturkonsulent i Os kommune, Kjetil Osablod Grønvigh som står bak initiativet.

- Kjem dette til å bli tradisjon under Oselvarfestivalen?

- Vi får nett sjå korleis det går i dag, og om Karoline og Torkjell ser at det er verdt det. Ikkje alle var like begeistra over initiativet. Ein ting er sikkert, det har i alle fall skapt engasjement.