Flyttesjau på 1-2-3
Onsdag neste veke vaskar Monica Sagen Jensen ut av dyrebutikken på Amfi Os. Torsdag innreier ho den nye butikken på Osøyro. Fredag er det opning.
- Eg har utsett opninga frå 10 til 12 på fredagen slik at eg får litt betre tid, seier Jensen og smiler.
Ho har vore dagleg leiar for Tropehagen Zoo i Amfi Os i seks år. På grunn av ein konflikt i kjeda må butikken stengja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jensens nye butikk heiter Os dyrebutikk, og flyttar inn i Torggata på Osøyro, nærare bestemt i Rosvold Sport sine gamle lokale.
- Vi er fleire butikkar som er i konflikt med kjeda, ikkje berre vår. Eg hadde ikkje flytta frå senteret om eg ikkje måtte, vedgår ho.
Samstundes har plassmangel alltid vore eit problem for dyrebutikken. På Osøyro får Jensen og dei fire andre tilsette, nesten 150 kvadratmeter meir å boltra seg på.
- Det er det eg gler meg mest til. Den gode plassen, sier Jensen og legg til:
- Ikkje berre kan vi ha fleire eksemplar av kvar vare, vi kan også utvida varesortimentet med ting vi per dags dato ikkje har, som utstyr til hest.
Meir liv på Øyro
Når «Os og Fusaposten» er innom, er Jensen i ferd med å vinka mannen sin avgarde. Han skal på fisketur til Canada, og kan med andre ord ikkje hjelpa til med flyttinga.
- Turen har vore planlagt i lang tid, seier Jensen og ler.
Ho får heller ikkje høve til å ta i bruk lokala på Osøyro før 1. oktober, ettersom Os kommune har leigt lokala ut månaden til Europan-utstillinga si.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Neste veke vert ekstra hektisk, seier Jensen.
Os dyrebutikk får større plass og større utval, men kjem til å halda på dei same opningstidene som butikken i Amfi-senteret hadde.
- Det er viktig for meg. Folk må få høve til å handla på ettermiddag- og kveldstid når dei er ferdige på jobb, seier Jensen.
Fisk, kaniner, hamsterar, marsvin og rotter er blant dyra som har tilhald i butikken. Jensen og co. tek òg i mot bestillingar på dyr.
- Det er eit mål for oss at kundane skal få det dei treng her hos oss. Dei skal slippa å reisa til byn, seier Jensen.
- Kva tenkjer du om å vera med på å laga meir liv på Øyro?
- Jo, det trur eg vi skal få til. Vi har fått mange lykkeønskingar etter at vi fortalte at vi skal flytta til Os, fortel Jensen.
Leiar i Os sentrumsforening, Geir Amundsen, synest det er kjempekjekt at det kjem fleire aktørar i Os sentrum.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Fantastisk bra! seier han.
Om butikken gjev ringverknader i form av fleire nyopningar, meiner Amundsen er umogleg å spå.
- Men det gjev betre utval og meir mangfald i sentrum, noko som vil trekkja fleire menneske, påpeikar han.