Helene Dale (t.v.) og Ida-Marie Borge trivst godt i arbeidsveke ved Fusa bu- og behandlingssenter.
Helene Dale (t.v.) og Ida-Marie Borge trivst godt i arbeidsveke ved Fusa bu- og behandlingssenter.

Får testa seg i arbeidslivet

Denne veka er det arbeidsveke for 9. klasse på Fusa ungdomsskule, og elevane trivst godt med å prøva seg i arbeidslivet.

Denne saka er skriven av skuleelev Irmelin Lygre som me er så heldige å ha i arbeidsveke hos oss denne veka.

På Fusa bu- og behandlingssenter har det vore tre elevar. Me fekk ein prat med to av dei; Helene Dale (14) og Ida-Marie Borge (14).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg synest det er veldig kjekt, smiler Helene.

- Ja, det er kjekt, nikkar Ida-Marie.

Jentene fortel at det er ekstra travelt under serveringa av middag, og litt rolegare elles.

- Då sit me for det meste og snakkar med dei gamle, fortel dei.

- Dei som jobbar her er veldig snille, dei viser oss om me ikkje heilt veit korleis me skal gjera arbeidsoppgåvene, og lærer oss stadig nye ting, skryter Helene.

Jentene synest det aller kjekkaste er å sjå kor effektive dei tilsette er.

- For eksempel når dei skal få ein sengeliggjande bebuar opp i ein stol, forklarer Ida-Marie,

- Dei er veldig effektive, men veldig forsiktige på same tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jentene er for det meste i stova, der dei pratar med og underheld dei eldre. Dei fortel også at dei får hjelpa til med å laga mat.

- Det verkar som om dei har det kjekt, seier Monica V. Bolstad, sjukepleiar ved FBBS.

- Dei er snille og venlege og snakkar med og hjelper dei gamle. Dei er heller ikkje redde for å prata med dei. Det er veldig bra, skryter Bolstad.