Enok Groven, kjend frå den populære Anno-serien frå NRK, vil opna torgdagen. (Pressefoto)
Enok Groven, kjend frå den populære Anno-serien frå NRK, vil opna torgdagen. (Pressefoto)

Enok til kystsogedagane

Komande helg er det Kystsogedagar i Fusa med skodespel, sommardans og torgdag. Største attraksjonen er Enok Groven frå Anno-serien på NRK som opnar torgdagen på Engevik Gaard søndag.

Kystsogehelga byrjar laurdag med to framsyningar av lystspelet om «Kallane i Oladalen» i ungdomshuset på Breidablikk i Sævareid.

- Primus motor i Sævareidfjorden ungdomslag fortel at den lokale teatergruppa er i god rute. Dette blir ein kveld for gapskratt, lått og løye, kan kulturleiar i Fusa, Eirik Vangsnes, fortelja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sommardans med Haavard

Etter to teaterframsyningar vert det same kvelden sommardans på Breidablikk. Musikken står Haavard Skaatun Band for.

- Han er i vinden som aldri før og spelte m.a. på Osfest tidlegare i månaden, fortel Vangsnes.

Søndag er det kystsogedag på Engevik gaard på femte året. Enok Groven, kjend frå den populære Anno-serien frå NRK, vil opna torgdagen.

- Han har fått tallause tilbod og har måtta takka nei til dei fleste, men svara altså ja til å koma til Fusa. Han gler seg til å koma til Engevik og vil vera tilstades gjennom heile programmet og ta del i dei mange aktivitetane som dagen byr på, fortel ein nøgd kulturleiar.

Bøkring og båtbygging

Det blir torghandel med kortreiste varer, gamle handverk som bøkring, båtbygging, baking, smiing og bunadssaum. Det vert også aktivitetar som stylter, krokett, kviss og ulike styrkeprøvar.

- Kanskje er du heldig og får utfordra Enok i fekting, smiler Vangsnes.

Frå scenen i hagen vert det konsertar med Idar Rolland og Natasja Smørholm og bandet Standing Still. Mot slutten av dagen vert det kåseri av førstekonservator Bård Olav Skogrand frå Bymuseet om kvardagslivet på 1700-talet. Dagen blir som vanleg avslutta med utdeling av Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris for 2015.

Kystsogedagane er eit samarbeid mellom Sævareidfjorden ungdomslag, Fusa kommune og Stiftinga Kystsogevekene i Hordaland.