Det er på tide å henta fram att planane om ein tofelts indre trasé gjennom Fusa som klart det beste alternativet for ein ny E39 frå Bergen og sørover, meiner MDG.
Det er på tide å henta fram att planane om ein tofelts indre trasé gjennom Fusa som klart det beste alternativet for ein ny E39 frå Bergen og sørover, meiner MDG.

E39 Stord-Os: Tid å tenkja nytt

Fleire oppslag i Os og Fusaposten 18. januar viser at stadig fleire forstår at det ikkje er grunn for å gå vidare med planane for ny ferjefri firefelts E39. Tanken om bru over Bjørnefjorden må skrinleggjast for alltid. Teknologien manglar, kostnaden er urimeleg høg, samfunnsnytten usikker og miljøkonsekvensane uakseptabelt store, skriv MDG.

LESARBREV: Som me tidlegare har peika på er nytten av dette prosjektet basert på svært usikre berekningar. Det er ikkje grunnlag for å seia at dette er eit prosjekt "med stor samfunnsnytte" slik NHO Hordaland har halde fram i sitt høyringssvar. I følgje ein ny rapport frå forskarar ved NTNU kan samfunnsnytten bli halvert. I berekningane er det ikkje teke med at høge bompengesatsar vil redusera trafikken. Alt før den nye rapporten frå NTNU vart lagt fram, var det klart at dokumentasjonen for samfunnsnytte var svært usikker. I plandokument for ny nasjonal transportplan står det: «Det er faglig krevende å tallfeste hvor mye samfunnet vil tjene på å bygge ut en utbedret og Ferjefri E39» og at «Ulike analyser viser store forskjeller i resultatene».

Verdien av natur og bu-miljø sett til null

Kommunedelplanen for E39 Stord-Os syner at motorveg med fire felt og fart på 110 km/t fører til uakseptabel øydelegging av verdifull natur i Sunnhordland, på Tysnes og Stord, over Bjørnafjorden og i Os. Ei ilandføring i Søre Øyane vil vera øydeleggjande for natur, friluft og bu-miljø i området. Også i områda Solbakken, Ulvenvatnet, Moberg og Kolskogen i Os vil vegen gjera store skader. Dette er umistelege verdiar som aldri kan erstattast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hordfast er no kostnadsrekna til heile 43 milliardar kroner, meir enn ei dobling av den opphavlege prisen. Dei mange milliardane som bevaring av natur og bu-miljø er verdt (den negative samfunnsnytten) som burde koma i tillegg til dette, er sett til null

Sviktande inntekter frå bompengar

For at ei bru over Bjørnafjorden skal kunna svara seg er det lagt til grunn ei fire-femdobling av trafikken til 12.000-15.000 køyrety i døgnet, noko som er heilt urealistisk. Sidan det ikkje er teke omsyn til effekten av bompengane, er desse tala sterkt overdrivne. I 2015 gjekk dessutan trafikken på sambandet Halhjem-Sandvikvåg ned.

Totalkostnaden for strekninga Kristiansand til Trondheim er berekna til 340 milliardar kroner, og det er antyda at av dette må heile 110 milliardar dekkjast av bompengar! Bompengane for privatbilar mellom Bergen og Stavanger er sett til kr 1.000. For strekninga Kristiansand-Trondheim vil bompengane bli på heile 3.600 kroner.

Ikkje i samsvar med vedtekne klimamål

Berre anleggarbeidet vil gje store klimagassutslepp i mange år framover. Ein firefelts veg vil stimulera til auka biltrafikk. I Nasjonal transportplan er det rekna med knapt 10 prosent auke i CO2 over 40 år. Noreg har forplikta seg til å kutta klimagassutsleppa med 40% innan 2030. Skal vi nå dette målet, kan eit prosjekt som legg opp til utsleppsauke slik ferjefri E39 gjer, ikkje realiserast.

Alternativ transportløysning for Vestlandet

I staden for firefelts vegar mellom dei store byane treng me betre vegar for utsleppsvenleg personbiltransport også i grisgrendte strøk. Standarden på dagens vegar er mange stader langt frå god nok. I staden for ein firefelts motorveg med monsterbruer gjennom vakker vestlandsnatur, bør det byggjast eit moderne samferdselsnett med gode tofelts vegar kombinert med miljøvenlege el-ferjer.

Dei omlag 400 milliardane som prestisjeprosjektet ferjefri E39 vil koma til å kosta, kan omdisponerast for å sikra ei framtidsretta og miljøvenleg transportløysing for Vestlandsregionen. Det er fullt mogleg å knyta Vestlandsregionen saman med lyntog mellom Bergen, Haugesund og Stavanger. Ein indre togtrasé mellom Bergen og Stavanger og over Haukeli til Oslo, vil også sikra ei rask og miljøvenleg samferdselsløysing mellom Vestlandet og resten av landet. Ved å satsa på lyntog kan det aller meste av flytrafikken mellom regionane erstattast med ein effektiv og klimavenleg reisemåte.

Tid å tenkja nytt

Det er på tide å henta fram att planane om ein tofelts indre trasé gjennom Fusa som klart det beste alternativet for ein ny E39 frå Bergen og sørover. Kommunane Os og Fusa har vedteke å slå seg saman. For den nye kommunen vert det viktig med god kommunikasjon. Eit spanande nytt forslag for trasé som sikrar dette vart skissert av Knut Skåtun i Os og Fusaposten 18. januar. Den nye kommunen vil ha mykje større nytte av ein E39 som går via Fusa og knytast til nye byvegen frå Svegatjørn til Bergen. På lang sikt bør E39 førast vidare frå Fusa og nord til den treffer E16. Ein slik plan høver også mykje betre med å knyta E39 saman med E134 («Hordalandsdiagonalen») frå Odda til Bergen. Ei slik løysing vil kutta reisetida frå Bergen og midtre del av Hordaland til Oslo med fleire timar.

Konklusjon

Hordfast midtre trasé er eit gigantisk vegprosjekt som fører til store skader for klima, natur og miljø. Kostnadane er allereie langt høgre enn det som KVU og KS1 la til grunn. Om ein skal få nok trafikk til å finansiera prosjektet, trengs ei mangedobling av trafikken i høve til trafikktala i dag. Dette er i strid med vedtekne klimamål, og er heller ikkje realistisk all den tid trafikkmengda minkar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sitt høyringssvar til kommunedelplanen for E39 Stord-Os ber difor Os MDG saman med resten av opposisjonen om at:

. Departementet stoggar planutgreiinga for E39 Hordfast midtre trasé.

. Departementet gjer ei ny utgreiing om alternativ trafikksikker indre trasé tilpassa trafikkmengda og med eit alternativ for miljøvenlege ferjer.

Nils-Anders Nøttseter

Gunnar Kvåle

Miljøpartiet Dei Grøne