Resultata frå fjorårets nasjonale prøver syner at over ein tredjedel av elevane er på svakaste nivå i lesing og engelsk.
Resultata frå fjorårets nasjonale prøver syner at over ein tredjedel av elevane er på svakaste nivå i lesing og engelsk.

Dei nasjonale prøvane: - Ikkje nøgd med resultatet

Over ein tredjedel av 5.-klassingane i Os er på svakaste trinn i lesing, medan 40 prosent slit med engelsk.

Utdanningsdirektoratet har publisert resultata frå fjorårets nasjonale prøvar. Politikarane i Os har etterlyst større openheit knytt til resultata, og har bestilt årlege oppdateringar på stoda. Til komande tenesteutvalsmøte er resultata presenterte med kommentarar frå fungerande kommunalsjef Per Olav Sørås og rådgjevar Knut Vidar Garlid.

5. klasse under landsnittet

I lesing er 36,6 prosent av elevane på lågaste nivå - nivå 1 (For detaljerte tal sjå biletserien øvst i saka). Til samanlikning er 24,4 prosent av elevane i landet på dette nivået. Av elevane i Os er 45,7 prosent på nivå 2, og 17,7 prosent er på beste nivå - nivå 3. Nasjonalt er talet 26,4 prosent på beste nivå i lesing.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me er ikkje heilt nøgde med resultatet, seier Per Olav Sørås, og legg til at prøvane vert meir krevjande år for år.

I rekning er det gått noko betre, der 31 prosent er på lågaste nivå, 21 på høgaste, og resten midt i sjiktet. Også her er Os-skulane under fylkes- og landssnittet.

Svakt i engelsk

Lengst unna lands- og fylkessnittet er 5.-klassingane i engelsk. Der er 40,6 prosent av elevane på lågaste nivå, og 15,7 prosent på beste nivå. Tilsvarande tal for landet er 25,5 og 24,2 prosent

- I engelsk har me framleis eit svakt resultat på mange skular i 5. trinn, skriv Garlid i sakspapira.

Elles vert det peikt på at det er stort sprik mellom dei 10 barneskulane i bygda.

- Me har for stort sprik mellom skulane i kommunen. I rekning og lesing har me skular som har gode resultat, og andre som har svake resultat. Skulane rapporterer at dei har mange elevar som ligg på grensa til nivået over, skriv Garlid.

Vil ta nokre år å snu trenden

Resultata frå 5. klasse syner ein svak nedgang frå året før, men sett i eit lenger perspektiv har det vore relativt stabilt. Innan lesing var til dømes 31 prosent på lågaste nivå i 2007, 35 prosent i 2009 og 36 prosent i 2010. Denne trenden er årsaka til atprosjekt Betre læringsresultat vart sett i gang for eit par år sidan. Per Olav Sørås seier at det vil ta tid å sjå resultat frå denne satsinga.

- Me har ei veldig satsing no som eg er overtydd om vil gje resultat. Skulane jobbar mykje meir systematisk med dei grunnleggjande ferdigheitene no. Men det vil ta nokre år før ein ser fruktene av dette, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svak betring i 8. klasse

Resultata på ungdomstrinnet er delt i fem kvalitetsnivå. I 8. klasse er rundt 37 prosent på dei to lågaste nivåa i lesing (14 prosent på nivå 5 og 23 prosent på nivå 4), altså nokså tilsvarande snittet i 5. klasse. Men fleire av elevane ligg på dei to beste nivåa - til saman 25,8 prosent.

I engelsk og rekning er Os-elevane noko under, men nærare landssnittet.

God i lesing i 9.klasse

For 9.-klasse sin del er det berre prøvar i rekning og lesing. Her er tala på visse punkt betre enn landssnittet i sistnemnde disiplin. 20,6 prosent av elevane er på beste nivå i lesing, mot 19,9 prosent på landsbasis.

- Når elevane går ut av grunnskulen, er dei om lag på landssnittet. Me ligg ikkje dårlegare an på grunnskulepoeng enn andre skular, seier Sørås.