Sofia Dale, Sofie Evensen og Amalie Evensen er nr 5,6 og 7 frå venstre.
Sofia Dale, Sofie Evensen og Amalie Evensen er nr 5,6 og 7 frå venstre.

Dale på pallen i Strandvik

Junior Sofia Dale er ein av osingane som gjorde det skarpt på feltstemne i Strandvik i helga.

Fleire skyttarar frå Os og Strandvik skyttarlag skaut godt i felt då Strandvik Skyttarlag i helga arrangerte dobbeltstemne saman med Tysse skyttarlag.

Sofia Dale frå Os Skyttarlag tok andreplass i klasse rekrutt i finfelt i Strandvik-felten og nok ein andreplass i Tysse sin fin felt 30-skudd. Ho vann dermed klasse Rekrutt samanlagt med lågaste plassiffer.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sponsorane våre gav totalt 6.500 kroner som vart delt på dei som hadde beste plassering samanlagt frå dei to stemna, og ho vann den samanlagt på finfelt, forklarer leiar i Strandvik skyttarlag, Erik Vik.

Fleire lokale pallplasseringar

Dale sin klubbvenninne Amalie Evensen stakk av med tredjeplass i juniorklassen i same Strandvik sin finfelt. Trygve Haugen frå Sævareidfjorden tok også ein tredjeplass i V65.

I Strandvik sin grovfelt stakk Ove Vaktdal frå Os skyttarlag av med tredjeplass i mesterskapklasse ein, medan Arvid Austefjord, også frå Os, slo til med førsteplassen i sin klasse, meisterskap V55.

Anita Bjørked i aksjon.
Anita Bjørked i aksjon.
Frå konkkuransen i finfelt på Legland.
Frå konkkuransen i finfelt på Legland.
Frå "grovfelten" på Tysse.
Frå "grovfelten" på Tysse.
Djup konsentrasjon på standplass. Her frå grovfelt på Tysse.
Djup konsentrasjon på standplass. Her frå grovfelt på Tysse.
Fra standplass i Strandvik, grovfelt.
Fra standplass i Strandvik, grovfelt.

På Tyssefelten sørga juniorskyttar Jens Georg Gulbrandsen for at arrangør Strandvik skyttarlag også fekk ein pallplassering denne helga, med ein andreplass i fin felt 30-skudd.

Anita Bjørkedal frå Sartor skyttarklubb, som vart dobbelt Noregsmeister i fjor, vann junior-klassen i begge stemna.

Populært stemne

Begge stemna hadde 153 deltakarar, noko som gjer det til eit stort arrangement, så både laurdagen og søndagen gjekk med for å få avvikla.

- Vi arrangerte på same måten i fjor også, og det har vore populært fordi dei får reisa til ein plass og skyta to stemne, seier Vik.

Dobbeltstemne fungerre slik at to skyttarlag arrangerer to stemne i eitt, på same plass og same dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alt føregår ute, på tre ulike område i Strandvik. Vi byrja laurdagen og heldt på heile søndagen, fortel Vik.

Mange frivillige

Feltskyting skjer ikkje på fast skytebane, men ein set opp figurar ute i naturen, og skyttarane skyt på ulike figurar og på forskjellige, ukjende avstandar, på mellom 100 til 400 meter.

- Det er mykje logistikk for å få det til å gå i hop, fortel Vik.

Han kan opplysa at dei hadde rundt 50 til 60 frivillige frå Strandvik og Tysse, som stilte på dugnad for å få løyst alle oppgåvene.

- Det krevst mykje førebuing. Figurar skal setjast ut, stiar inn til områda sperrast av, og folk må varslast. I tillegg må vi arrangera busstransport mellom arenaene og sørgja for at deltakarane har ein plass å opphalda seg, forklarer Vik.

Opphaldsområdet vart lagt til varmestova til 15m skytebanen som ligg i Fusa Ridehall.

- Der hadde vi kafé, omkledning og resultatservice, seier Vik.

Største stemne i år

Arrangørlaga skaut på laurdag og alle dei andre på søndagen. Den dagen var det skyting frå klokka 9.00 om morgonen til 18.00 på ettermiddagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Med over 150 deltakarar vart dette det feltstevnet i Hordaland med flest deltakarar i år, fortel Vik.

Stor deltaking byr også på mykje arbeid.

- Det er veldig mykje arbeid og ei ekstra logistikkutfordring å arrangera to lag saman. Men så er det ekstra gøy at så mange kjem når vi har gjort så mykje førebuing, seier Vik.

Takksame

I laget er dei om lag ti til tolv aktive skyttarar, og dermed på langt nær nok folk til å klara alt sjølve.

- Vi har hatt veldig mange frå bygda som var med og arrangerte og hjelpte til med førebuing og arrangement. Det er vi utruleg glade for. I tillegg har vi fleire grunneigarar som lét oss bruka bakkane deira, noko vi set stor pris på. I det heile er vi veldig takksame for alle som er med og gjer dugnad og for alle dei flotte sponsorane våre.

Dei to stemna som vart arrangert i helga er også dei to siste i feltkarusellen i Hordaland skyttersamlag.

I tillegg til dei to opne stemna arrangerte Bjørnefjorden skyttarkrins krinsstevne inni same stevne, samt at arrangørklubben Strandvik hadde lagstemne.

- Resultata tel for fleire stemne, forklarer Vik.