Per Rød frå Oselvarlaget, Kjetil Osablod Grønvigh frå Os kommune, Jan Terje Skutlaberg og Thore Lunde frå "vårt" Os Mannskor.
Per Rød frå Oselvarlaget, Kjetil Osablod Grønvigh frå Os kommune, Jan Terje Skutlaberg og Thore Lunde frå "vårt" Os Mannskor.

Byr på 2 x Os Mannskor på Oselvarfestivalen

Det ligg an til ei grandios opning av Oselvarfestivalen neste helg, med dirigentar i båtar i Oselva, og eitt Os Mannskor på kvar side av elva.

- Me får besøk av Os Mannskor frå Os kommune i Østerdalen. Dei får heidersplassen ved Oselvarverkstaden, medan me står ved Essoen, fortel formann i Os Mannskor, Jan Terje Skutlaberg.

Mellom dei to kora, midt i elva, vil dirigentane stå i båtar. Kulturkonsulent i Os kommune, Kjetil Osablod Grønvigh, legg til at opplegget er vêravhengig.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om vêret er dårleg, kjem med til å laga til noko mellom Oselvarverkstaden og ABO.

Etter erfaringar frå fjoråret, har dei i år gått bort frå å arrangera Oselvarfestivalen samstundes med Bondens Dag, som går av stabelen no i helga.

- Det vart for mykje på ein gong, og umogleg å rekkja over alt, seier Grønvigh.

"Vårt" Os Mannskor.
"Vårt" Os Mannskor.

Ordførar-duell

Begge mannskora vil framføra sine respektive Os-songar under opninga av Oselvarfestivalen 2015. Os Mannskor frå Østerdalen har med seg 30 songarar, og i tillegg kjem ordførar, Arnfinn Nergård.

- Klokka 12.00 er kapproinga i gang. Der har me lagt opp til ein duell mellom ordførarane saman med dirigentane, med atterhald om at Søviknes er frisk nok i ryggen. Om han ikkje er det, vil me henta inn ein dugande erstattar, seier Grønvigh, som også vil utfordra samtlege parti i Os.

- Det er valår, og det meste kan løysast i ein Oselvar. Høgre har alt sagt ja, og me håpar at alle ønskjer å stilla. Dei som er interesserte kan ta kontakt med meg på e-post.

Roinga er open for alle, og dei som vil, står dermed fritt til å utfordra ein ven til duell.

- Me stiller med redningsvester, seier Per Rød i Oselvarlaget og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Oselvarverkstaden vil også vera open for publikum, og det vil bli laga til utstilling av båtar utanfor verkstaden.

Fleire musikalske innslag

Utanom dei to kora, vil Os Durspelsamskipnad også stå for musikalsk innslag på Oselvarfestivalen.

- Me har òg vore i kontakt med Kurt Røttingen, som opna Kystsogedagane i Øyane. Han stiller om han ikkje må på fiske, seier Grønvigh.

Korleis dei to mannskora kom i kontakt med kvarandre, er ei morosom historie, fortel Thore Lunde i Os Mannskor.

- Eitt av medlemene våre var på trebåtfestival i Risør der han kom i kontakt med ein kar som viste seg å vera frå koret til Os i Østerdalen. Han fortalte historien til oss, og me fann ut av me ville kontakta dei. Det resulterte i at me besøkte dei i fjor, og i år kjem dei altså til oss, seier Moberg.

Lunsj og konsert i Oseana

Seinare på dagen skal mannskora nok ein gong varma opp røystene sine. Kommunen har invitert til lunsj i Oseana laurdag ettermiddag, og kora vil kombinera det med song i fojaeen. Skutlaberg fortel at det vert eit lett og ledig repertoar, med blant anna «The Pink Panther» og «Always look on the bright side of life».

- Me kjem også til å synga signatursongen «Det Kvite Landet», som Henrik Lyssand tonsette til oss for 30 år sidan. Me kjem til å synga noko felles og noko kvar for oss, seier Skutlaberg.