Vinnarfotografiet "Misty".
Vinnarfotografiet "Misty".

Bronse til Bo

Hobbyfotograf og Os & Fusaposten-frilansar Bo Mathys (16) frå Strandvik, tok i dag bronse i ungdomsklassen i foto-NM.

Norsk selskap for fotografi (NSFF) plasserte i dag den unge fusingen på tredje plass i NM-klassen «Ungdom opp til 25 år». Fotografane kunne velja motiv fritt.

Med naturfotografiet «Misty" bergtok han den heilbritiske juryen som gav biletet følgjande attest: "Eit veldig enkelt bilete og forholdet mellom den vesle båten og det store området av hav og himmel er perfekt. Det er ein vidunderlig gradering mellom den mørke basen i biletet og lyset mot toppen av fotografiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mathys representerer Fusa fotoklubb.