Brotet på vassleidningen er funnen. Arbeidet med å fiksa feilen vil ta nokre timar, ifølgje Skjørsand og Fusa vassverk.
Brotet på vassleidningen er funnen. Arbeidet med å fiksa feilen vil ta nokre timar, ifølgje Skjørsand og Fusa vassverk.

Blir utan vatn nokre timar

Det er funne eit brot på ein vassleidning mellom fylkesveg 552 og Fusa kyrkje. - Fusa-bygda blir utan vatn i nokre timar, opplyser Skjørsand og Fusa vassverk.

Måndag låg Skjørsand og Fusa vassverk SA ut ei melding på Facebook. Der fortalte dei om altfor høgt vassforbruk på Skjørsand og Fusa vassverks line.

- Bassenget på reinseanlegget ved Skåtavatnet vil tømmast om dette held fram, skreiv dei då.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som følgje av leiting etter feilen, kunne vatnet bli stengt i nokre periodar. No har dei funne ut kva område feilen ligg i.

- Grødalen blir område kalla lokalt. Det er rett ved eit bruk som ligg mellom Fusa kyrkje og fylkesvegen. Vi venter på røyrleggjar, og arbeidet kan ta litt tid. Frå Fusa-bygda utover til Ekeberg vil ein vera uten vatn i nokre timer, seier styreleiar i selskapet, Erling Syvertsen.

Stopp i vassforsyninga

Brotet på vasslina blei oppdaga då nivået i høgdebassenget gjekk nedover, men det var ikkje meir enn at dei nesten klarte å produsera nok. Syvertsen fortel at dei kjem til å halda folk oppdaterte på Facebook og heimesida når det er noko nytt å melda.