Sverre Lunde Pedersen og Håvard Holmefjord Lorentzen har trena i lag sidan dei var små gutungar. No har dei hanka inn VM-sølv til medaljesamlinga. (Privat foto)
Sverre Lunde Pedersen og Håvard Holmefjord Lorentzen har trena i lag sidan dei var små gutungar. No har dei hanka inn VM-sølv til medaljesamlinga. (Privat foto)

Blir inspirert av kompisens VM-sølv

- Prestasjonen til Håvard er enormt imponerande. Det er klart eg blir inspirert, seier Sverre Lunde Pedersen.

Søndag kveld tok skeisekompisen frå Fyllingsdalen eit sensasjonelt VM-sølv under sprint-VM i Calgary.

Os og Fusaposten har skrive om halvtfusingen Håvard Holmefjord Lorentzen mange gonger tidlegare. Sjeldan har det synest meir på sin plass å heidra innsatsen hans. Det 24-åringen gjorde i helga var stort.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg såg det i haust at Håvard hadde teke gode steg. Eg skjønte han kom til å gå fort denne sesongen, men det han skulle ta VM-medalje er heilt utruleg sterkt, skrytar Sverre Lunde Pedersen.

I lag med resten av gjengen på det norske allround-landslaget streama dei NRKs sending søndag kveld.

- Me var i Inzell, men fekk sjølvsagt med oss sendinga. Det var dritspennande, seier osingen.

Etter Håvards sølv i sprint-VM søndag sende Sverre dette bilete med gratulasjonar til sin mangeårig treningskamerat frå Fana IL.
Etter Håvards sølv i sprint-VM søndag sende Sverre dette bilete med gratulasjonar til sin mangeårig treningskamerat frå Fana IL.
Halvtfusingen Håvard Holmefjord Lorentzen gjekk også inn til ny norsk rekord på 500 meter med tida 34,43.
Halvtfusingen Håvard Holmefjord Lorentzen gjekk også inn til ny norsk rekord på 500 meter med tida 34,43.

Fast treningskamerat

Sverre kan nesten ikkje hugsa når han første gong treffte Håvard.

- Me har vore kameratar og skeisa i lag sidan me var born. Frå me var 10-11 år har me vore faste romkameratar på treningsleirar og konkurranse-turar, og eg unner han sjølvsagt denne suksessen av heile mitt hjarte, seier Sverre.

Med til den historiske bragda høyrar det sjølvsagt at Håvard fekk øydelagt svært mykje av fjorårets sesong etter å ha skjært seg stygt på leggen av det skarpe skeisestålet.

- Det viser at god trening gjev resultat. Me blir alle inspirert av det Håvard gjorde i Calgary - både medaljen og det faktum at han sette ny norsk rekord på 500 m.

Med tiden 34,43 slettet Lorentzen den norsk rekorden på 500 meter med tre hundredeler. Rekorden hadde dei siste åra tilhøyrt Espen Aarnes Hvammen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Outsider

Laurdag startar allround-VM på Hamar. For Sverre vert det sjølvsagt spennande å gå på heimebane, men osingen føler seg mest som ein outsider.

- Eg har hatt ein litt trøblete sesong, og føler difor at eg kjem litt nedanfrå og kan slå oppover. Det passar meg bra, seier fjorårets sølvvinnar i VM.

- Men medalje er kanskje eit mål likevel?

- Ja, eg skal gjera mitt beste, og går sjølvsagt for medalje, men det er mange tøffe konkurrentar som har same mål som meg, seier han.

Osingen får i alle høve godt støtte på tribunen.

- Det kjem familie frå Alta, Os, og andre plassar i landet. I tillegg kjem ein liten kompisgjeng frå Os. Det er veldig artig at folk støttar meg. Eg skal gjera mitt beste, seier Sverre.

- Og 10.000-meteren. Gruar du det til den?

- Nei, eg har tenkjer at det som skjedde i EM var eit unnatak og skuldast eit virus eller liknande. Eg har elles aldri opplevd ein slik kollaps på den distansen, og trur ikkje det vil skje igjen.