Ulukka skjedde på Røtingavegen i nærleiken av Bunnpris-butikken.
Ulukka skjedde på Røtingavegen i nærleiken av Bunnpris-butikken.

Bil i autovernet i Øyane

Politiet er på veg til Røtingavegen der ein bil skal ha hamna i autovernet.

OPPDATERT: Det er ikkje snakk om personskade, og det er passasje forbi staden.

- Ulukka har skjedd på Røtingavegen i nærleiken av Bunnpris-butikken. Patruljen er på veg til staden, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Lars Geitle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvesenet melder på Twitter at ulukka har skjedd 100 meter frå Bunnpris. Ingen skal vera fastklemde.

Politiet på staden opplyser at sjåføren er ein mann i 60-åra, og legg til at dei ikkje kan utelukka promillekøyring. Mannen skal ikkje vera alvorleg skadd, men er køyrd til legevakta.