Andreas Altermark)
Andreas Altermark)

Bevisstlaus person funnen inne i bank

Politiet måtte bryta seg inn i bankbygget etter at ein bevisstlaus mann vart funnen innelåst i går kveld.

Rundt klokka 21 i går kveld fekk politiet melding om at nokon hadde teke seg inn i Sparebanken Vest sin bygning i Os sentrum.

- Då politiet kom til staden fann dei ein livlaus person på innsida, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnor i Vest politidistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet måtte bryta seg inn i bygningen. Ein ambulanse vart også send til Osøyro, og mannen kom snart til seg sjølv att.

- Me har mistanke om at det var alkohol med i biletet, men enno ikkje korleis han greidde å koma seg inn, seier Rebnor.