Per Seljøy, Kjell Brustad, Bjørn Bergstø og Vidar Skjønberg bygde den nye brua på to dagar. I dag kom kultursjef Lisbeth Axelsen for å opna brua.
Per Seljøy, Kjell Brustad, Bjørn Bergstø og Vidar Skjønberg bygde den nye brua på to dagar. I dag kom kultursjef Lisbeth Axelsen for å opna brua.

Bergstøbrua er offisielt opna

Kultursjef Lisbeth Axelsen klipte den velkjende raude snora i dag føremiddag, og Bergstøbrua vart erklært opna.

Sjølv om godvêret glimra med sitt fråvær var det godt oppmøte på den offisielle opninga. Om lag 15 publikumarar hadde møtt fram for å sjå då Axelsen og dei fire brubyggarane, Bjørn Bergstø, Per Seljøy, Vdar Skjønberg og Kjell Brustad klipte snora.

- Det var veldig godt oppmøte. I alle fall om ein tek i betraktning dritt-vêret, og at me ikkje hadde annonsert noko tidspunkt for opninga, seier Bergstø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skryter av kultursjefen

Grunneigaren er veldig glad for at det turgåarar endeleg kan ferdast trygt over brua.

- Det er veldig godt at brua er på plass. No kan alle vera nøgde, seier Bergstø, som også skryter av kultursjefen.

- Axelsen er veldig hyggeleg, og ei positiv dame. Då dialogen kom i gang, gjekk det ikkje lang tid før me kom fram til ei løysing.

Siri Kristiansen går ofte tur i området. Ho er glad for at ho ikkje lenger treng å vera bekymra når ho skal kryssa brua.
Siri Kristiansen går ofte tur i området. Ho er glad for at ho ikkje lenger treng å vera bekymra når ho skal kryssa brua.