Johan Warhuus med boka Barndomsminner frå Strandvik.
Johan Warhuus med boka Barndomsminner frå Strandvik.

Barndomsminne frå Strandvik

Johan Warhuus gjev no ut «Barndomsminne frå Strandvik» i ei eiga bok. Torsdag vert det lansering på Handelslaget i Strandvik.

Wenche M. Eriksen

wenche.eriksen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange av historiene til Warhuus stod på trykk i avisa «Midthordland» i 1985, og seinare også i «Os og Fusaposten».

Ein ny generasjon har vakse til sidan dei første forteljingane stod på trykk, og utviklinga har vore enorm sidan han voks opp i Strandvik på 1930- og 1940-talet. Det er såleis både spanande og lærerikt å høyra korleis folk levde i bygdene før, under og like etter krigen.

- Kva fekk deg til å byrja å skriva ned barndomsminna?

Frå ei av sidene i boka til Warhuus.
Frå ei av sidene i boka til Warhuus.

- Det starta under ein lengre sjukemeldingsperiode tidleg i 1985. Eg var heime og hadde god tid til slikt, smiler Johan Warhuus (f. 1931).

Og alt før påske dette året hadde han sendt inn åtte episodar til lokalavisa. Han skreiv ikkje under med fullt namn, noko strandvikingen har følgjande forklaring på:

- Neiii, eg hadde ikkje så lyst til det. Eg rekna vel med at det alltid ville vera nokon som hadde andre meiningar om kva som verkeleg hadde skjedd. Dette var mine personlege minne og opplevingar, seier han.

Også tidlegare journalist Kåre Dalland oppmoda Warhuus om å skriva under med fullt namn då «Os og Fusaposten» tok inn fleire av forteljingane hans i 1987. Men Warhuss stod på sitt, og skreiv berre under med N.N.

Det vart likevel kjent kven som var opphavsmann etter ei tid, og fleire tok då kontakt med Warhuus og meinte historiene hans burde samlast i ei bok. Men det var ikkje noko den beskjedne strandvikingen ville høyra snakk om, og så vart historiene liggjande gøymt og gløymt i mange år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samla inn historiane

Men, så for eit par år sidan dukka det plutseleg opp fleire fotostatkopiar av historiene hans i papira til eit av søskenbarna han har i Bergen.

- Eg fekk kopiane, og byrja seinare å leita gjennom lokalavisene som mor mi hadde teke vare på. Her fann eg att historiene som hadde stått på trykk. Dermed var eg i gang med å samla inn forteljingane, fortel han.

Warhuus skreiv dei inn på PC-en sin, og samla både bilete og tekst på ein minnepinne.

Etter at han var ferdig med skrivinga, tok han i fjor sommar kontakt med Kulturminnelaget i Fusa for å høyra om dei kunne gjera noko med stoffet. Men då han ikkje fekk nokon respons derifrå, har han teke steget ut og fått forteljingane sine samla i ei bok og utgjeve av Bodø-forlaget Licentia Forlag AS.

Boka vil bli lansert på Handelslaget i Strandvik førstkomande torsdag.

- Liv og Lyst i Strandvik tykkjer dette er veldig kjekt, og vil vera med på lanseringa. Me håpar at bygdafolk og andre vil møta opp denne kvelden. Her kan dei også få boka signert av forfattaren, seier Tone Andreassen Vik.