En garde! Desse to gutane vann eit lynkurs i fekting med Enok Groven. Dette gjekk svært bra trass i at dei måtte bruka pinnar.
En garde! Desse to gutane vann eit lynkurs i fekting med Enok Groven. Dette gjekk svært bra trass i at dei måtte bruka pinnar.

Anno cultura

Kultursogedagen på Engevik gard kom som ein kjempesleng med sol og kystkultur. Her var det kjent og ukjent om kvarandre.

Morten Holmefjord

morten.holmefjord@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Før ein kom seg til tuns stod bilane parkert langs hovudvegen og til langt ut på bakkane. Det var salsbuer, geiter, sjokolade, tønner, oselvar, lykkehjul og røyk frå esa i smia heile den lange soldagen til endes. Både pirogar og spekematfat fordufta ganske kjapt frå offisersgardens eige kjøken, folk hadde stått i lange køar. Men det var fiskesuppe att, som vart servert i ein brødbolle.

-D et er polsk gjærbakst, skal vera tett den, sa stamhusbesittar Lars Johan Ditmarsen. Me let suppebolle vera suppebolle og kjøpte oss heller ei pølse.

Sol var heller ikkje noko særsyn der i bygda, i følgje frua på garden.

Den fjerde gongen med kystsogedag i Fusa sette truleg publikumsrekord i finveret.
Den fjerde gongen med kystsogedag i Fusa sette truleg publikumsrekord i finveret.
Gambling på lykkehjulet høyrde med mellom buene på marknadsplassen.
Gambling på lykkehjulet høyrde med mellom buene på marknadsplassen.
Marit Gjernes var bakstekone og laga flatbrød som smakte heilt framifrå.
Marit Gjernes var bakstekone og laga flatbrød som smakte heilt framifrå.
Pirogar og spekemat gjekk unna så fort at dei bakerst i køen måtte bita i graset. Eller i ei pølse i brød.
Pirogar og spekemat gjekk unna så fort at dei bakerst i køen måtte bita i graset. Eller i ei pølse i brød.
Reality-kjendisen Enok Groven frå Anno helt ein engasjert og personleg tale ved opninga.
Reality-kjendisen Enok Groven frå Anno helt ein engasjert og personleg tale ved opninga.

-Sola skin alltid i Sævareidfjorden, det har du vel høyrt, ikkje sant Gerd Berit?

-Jau, det gjer ho, sa Gerd Berit og fanga nok ei wienerpølse opp frå gryta.

-Det er´kje noko å stussa på.

Legg vekk mobilen

Reality-kjendisen Enok Groven hadde opna dagen med ein tale. Han hadde heldigvis også tid til å snakka med lokalpressa sin utskremde. Han ønskte seg at gamle yrke måtte bli tekne vare på, både for å spara miljøet og inspirera born og unge.

- Eg måtte gjennom Anno før eg fekk augo opp for handverk, sa Groven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tida etter tv-serien hadde vore som å koma ut av ei historisk boble.

- Eg blei overrumpla av nyheiter som kom langt borte frå. I Anno var me opptekne av dei nære ting, fortalde Groven.

Etter dette hadde han budd i Franrike, lært seg smedkunst i Danmark, selt t-skjorter og små vesker i økologisk bomull, og spelt inn plate med vikinginspirert musikk.

-Me må ta sjansar, leggja vekk mobilen og vera saman. Eg trur alle kunne trengt eit Anno kvart år, sa kjendisen.

Flod og fjøre

I eldhuset stod Marit Gjernes og var bakstekone. Ho bydde fram flatbrød med smør, men måtte leita litt for å finna noko som var sprøtt nok. Før på dagen hadde det gått greitt, men siste timen hadde det ikkje gått så bra. Djupast sett skulda ho på månen.

-Du skal baka og slakta gris på fløande sjø. No er det fjørande sjø, sa Gjernes.

-Det er det same som når ein fiskar på fjorden, heldt ho fram.

Bakstekona kunne avsløra at det kanskje også hadde med at takka ikkje var skikkeleg varm å gjera.

Artikkelen held fram under annonsen.

En garde!

To unge herrar som hadde vunne ein kviss, fekk som premie eit lynkurs i kunsten å fekta av Enok Groven, som doserte om det interessante emnet.

- På 1700-talet var det om å gjera å vera ein mann, då hadde mot og ære mykje å seia. Småting kunne bli store fornærmingar.

Med andre ord var mannfolka på 1700-talet paradoksalt nok ganske frøkenaktige og nærtakande. Og som Enok sa:- No er me heldigvis ferdige med den tida der. Det er litt sånn kjekt.

Gjennom lauvverket

I kaffitida, då vaksne folk vanlegvis og etter si biologiske klokke ville ha seg ein kaffiskvett eller ein strekk, trakka ein førsteamanuensis opp på scena for å snakka litt historikk. Segelckefamilien anno 1723, gifte onklar og standsamfunn vart kanskje litt borte for nokon kvar i brisen som risla gjennom lauvverket og strødde oransje solflekkar over plen og publikum i ettermiddagsdøsen.

Møteplass

Kulturleiaren tok seg ein pause der han sat innmed husveggen.

- Det var no ein vellukka dag dette. Det har vore ei jamn stigning sidan me byrja for fire år sidan, og ein har greidd å fornya undervegs. Kystsogedagen er blitt ein møteplass både for fastbuande og hyttefolk, sa Vangsnes.

Han sa vidare at Kystsogevekene var det fleire bygder som kunne ta tak i. I fleire kommunar var det vanleg med fleire arrangement på ulike dagar.

Hund med frisbee

Stamhusbesittaren var også i godt lune og sa han var godt nøgd og vel så det.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det må ha vore minst 400 innom her i løpet av dagen, det er eg ganske sikker på, sa Ditmarsen.

- Forbaskade hunden altså, sa stamhusbesittaren og peikte på eit hol attmed husmuren.

- Eg som hadde stelt det så fint til her. Han grev same holet år etter år. Eg dekkjer til og i morgon kan du vera sikker på... Veit ikkje kva han leitar etter. Kanskje det er gull?

Syndaren, hunden, vart sist sett ute på plenen på vill jakt etter ein frisbee og såg ikkje på nokon måte skuldig ut. Snarare tvert om.