19-åringen frå Strandvik, Anders Mol, er blitt europameister i sandvolleyball i lag med Christian Sandlie Sørum. Frå venstre; Anette Berntsen (tante), Mathias Berntsen (fetter), Kåre Mol (far & trenar), Anders Mol & Christian Sandlie Sørum, Merita Berntsen Mol (hovudleiar og mor) og Jetmund Berntsen (onkel og trenar).

Anders Mol sikra nok eit EM-gull

Mol og makkeren Christian Sandlie Sørum gjekk gjennom heile europameisterskapen i sandvolleyball utan å tapa eit einaste sett.

Meisterskapen gjekk føre seg i Thessaloniki i Hellas. Mol og Sandlie Sørum tevlar i U22-klassen, og gjekk som sagt gjennom heile EM utan å tapa eit einaste sett mot dei aller beste laga i Europa.

Feia austerrikarane av banen

EM-vinnarane blei gruppevinnarar etter å ha slått lag frå Polen, England og Latvia. I sluttspelet blei det først siger over Sveits, før russarane kom til kort mot nordmennene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit jamnt førstesett i semifinalen mot Ukraina enda med 21-19 til Mol og Sandlie Sørum. Det andre settet enda 21-16.

I finalen stod austerrikarane Pristauz-Telsnigg og Trummer på motsett side av nettet. Dei hadde heller ikkje tapt ein kamp før møtet med nordmennene. Mol og Sandlie Sørum feia dei av banen og kunne jubla etter 21-13 og 21-15 i dei to setta.

Under meisterskapen denne veka var det Anders´ far, Kåre Mol, som var lagets trenar. Støtteapparatet bestod utelukkande av familiemedlemer. Merita, Jetmund Berntsen og Mathias Berntsen var alle med i apparatet kring laget.

Direkte til Belgia

Denne sesongen har Mol blitt europameister både i U22- og U20-klassen. 19-åringen avsluttar no årets sandvolleyballsesong og reiser direkte til Belgia og toppklubben NOLIKO Maaseik der han skal prøva seg som proffspelar i volleyball den kommande sesongen.