Fredag møtte Gustav Bahus (Frp) og olje- og energiminister Terje Søviknes leiinga i HOG Energi, Nelson Johas og Ove Lunde.
Fredag møtte Gustav Bahus (Frp) og olje- og energiminister Terje Søviknes leiinga i HOG Energi, Nelson Johas og Ove Lunde.

- Meir norsk olje og gass er bra i eit klimaperspektiv

Det sa den ferske olje- og energiministeren i sitt første offisielle møte med næringa fredag.

Fredag morgon hadde den nye olje- og energiministeren sitt første offisielle møte med næringa. På Osøyro møtte Søviknes HOG Energi (tidl. Hordaland Olje og Gass), fylkets interesseorganisasjon for næringa. Sjefen sjølv, Ove Lunde, bur i Os og har over 30 års erfaring frå feltet.

- Me gjorde ei undersøking på det, og fann ut at Os er meir involvert i petroleumsnæringa enn me trudde. Særleg gjeld det kompetanse-verksemder, seier Lunde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lundes kollega, prosjektleiar Nelson Rojas, trekkjer fram FourPhase som held til i Hegglandsdalen, som eit godt døme.

- Dei vert løfta fram som eit viktig selskap. Dei har ein teknologi som skil ut sand frå olje, noko som reduserer kostnaden ved oljeutvinning, seier Rojas.

2016 var vond, 2017 vert verre

Bransjen generelt går gjennom ei vanskeleg tid. På to år har over 40.000 nordmenn mista jobben i petroleumsrelatert verksemd. Sjølv om 2015 og 2016 var ille, trur Ove Lunde at 2017 vert endå verre.

- Når dei store systemleverandørane må stramma inn, så går det etter kvart ut over underleverandørane. Det er ofte hjørnesteinsverksemder ute i distrikta. Så me trur at me kjem til å sjå konkursar i 2017, i mykje større grad enn kva som så langt har vore tilfelle, seier Lunde.

Mykje av årsaken er at oljeprisen har gått ned. Men kvifor, når etterspurnaden har vore relativt stabil?

- Ja, etterspurnaden er stabil, men plutseleg kom det store volum olje/gass ut på marknaden. Det er ein av dei viktigaste årsakene. USA tek til å få på plass sin produksjon på skifergass, og er no i ferd med å bli sjølvforsynt. Samtidig er kostnadene med å utvinna olje gått opp, og det bidrar til at oljeselskap må setja fokus på kostnadene sine, seier Rojas.

Søviknes er optimist i krisetid

Terje Søviknes tek altså over olje- og energidepartementet i ei kritisk tid for næringa. Trass i det, seier Søviknes at han vert meir og meir optimistisk dess meir han no set seg inn i fagfeltet.

- Eg er blitt oppløfta når eg har lese meg opp. Biletet ute blant mange folk er at no er det full stopp og no er oljealderen over, men det er ikkje rett. Det er mange store prosjekt som er under utvikling. I framtida blir Barentshavet spesielt viktig, seier Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa står fast på avtalen med KrF/V om at Vesterålen, Lofoten og Senja ikkje skal rørast i denne perioden, men perioden er snart omme, og Søviknes er ikkje i tvil om at det er rett å opna for petroleumsverksemd her.

- Også i eit miljøperspektiv er det rett å gjera det. Norsk utvinning av olje har 50 prosent av utsleppa som næringa har elles i verda. Det er m.a. fordi norsk lovverk har pålagt avgifter på olje- og gass-utvinning, seier statsråden.

- Det grøne skiftet må ikkje gå for fort

I det nasjonale ordskiftet og i budsjetta, blir det grøne skiftet tilgodesett med mykje midlar, men HOG Energi meiner at den eksisterande næringa i mykje større grad må prioriterast over statsbudsjettet.

- Slik det er no, går mesteparten av midlane til gründerutvikling. Det er vel og bra, men ein må ha to tankar i hovudet samtidig. Det tek lang tid før eit gründerprosjekt gjev arbeidsplassar, og i alle fall før dei kan erstatta arbeidsplassane som no forsvinn. Verksemdene seier til oss at dei føler seg forbigått. Alt fokus er på det nye og på det grøne. Petroleumsbransjen har lyst å vera med på det grøne skiftet, men dei får ikkje høve til å utvikla seg i den retninga, fordi dei ikkje får støtte til det, seier Lunde.

- Verda treng olje lenge enno

Søviknes er einig i at dreiinga av midlar over i retning av det grøne skiftet går for fort.

- Å få midlar som er direkte knytt til forsking på petroleum, er ganske krevjande dersom du ikkje heng på klimaperspektivet. Det har med den politiske kvardagen å gjera, forklarer Søviknes.

- Men er ein ikkje nøydd til å vri det i retning av det grøne skiftet?

- Jau, ein må det, men ein må ikkje gå fram for fort. Same kor stort fokus du har på vatn- eller vindbasert energi, så må ein innsjå at det vil ta lang tid å utvikla. Ein skal utvinna olje og gass i mange tiår framover enno, for det treng verda, seier Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han viser til at regjeringa har føreslått å løyva heile 375 mill. kr. i 2017-budsjettet til petroleumsretta forsking. Av dette er 122,5 mill. kr. mynta på petroleumsretta utvikling og demonstrasjon gjennom DEMO 2000-programmet. I tillegg kjem vel 500 mill. kr. til generell energiforsking gjennom forskningsrådet.

Ministerens viktigaste oppgåve

Statsråden seier at han ser at ei viktig oppgåve for han framover blir av pedagogisk art.

- Kunnskapsnivået er lågt, både i media og blant folk flest. Spør du mannen i gata i dag om klima og C02, trur eg mange vil svara: "ja, me må gjera noko med klimaet, og det betyr å stengja ned norsk olje og gass-produksjon." Men røyndomen er den motsette: Viss du vil gjera noko med det globale perspektivet og CO2-problematikken, er det heilt meiningslaust at me skal redusera hjå oss, seier ministeren.

Det norske energiforbruket er nemleg 98 prosent grønt gjennom vasskrafta vår.

- På kontinentet er det ikkje slik. Dei som forbrukar olje og gass, det er dei som må betala. Dette er ei enorm pedagogisk oppgåve å formidla, og det ser eg som ei av dei viktigaste oppgåvene som ligg framfor meg, seier Søviknes.

Eit stikk til dei som vil stengja krana

Til parti som ønskjer å berre stengja ned petroleumsbransjen har ministeren følgjande bodskap:

- Ser ein på dei konsekvensane ein har sett berre ved at oljeprisen har gått ned, og tenkjer seg korleis situasjonen kjem til å sjå ut for privatpersonar, familiar og verksemder dersom ein plutseleg skulle stengja ned... Det er rett og slett umogleg. Og det er ikkje ønskeleg heller i eit klimaperspektiv. Er ein oppteken av klima og menneskeskapte klimaendringar, må ein i alle fall bruka dei verkemidla som fungerer, seier Søviknes.

Dette var som musikk i øyrene til HOG Energi-leiar Ove Lunde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har treft mange politikarar, men sjeldan nokon som har våga å seia dette rett ut. Det er ei enorm pedagogisk oppgåve - det er utruleg godt sagt. Får du det til, Terje, då har du eigentleg gjort halve jobben, avslutta Lunde.

Dei avtalte også at ministeren i nær framtid skal få møta fleire representantar frå næringa i Hordaland.