- Prosjektet skulle kosta 26 milliarder, no er det oppe i 43. Vi startar i første periode av neste NTP, men prosjektet må fornyast og gjerast billegare, var beskjeden frå statsminister Erna Solberg under tysdagens pressekonferanse. (Akrivfoto)
- Prosjektet skulle kosta 26 milliarder, no er det oppe i 43. Vi startar i første periode av neste NTP, men prosjektet må fornyast og gjerast billegare, var beskjeden frå statsminister Erna Solberg under tysdagens pressekonferanse. (Akrivfoto)

- Hordfast må bli billigare

Hordfast skal realiserast, men prosjektet må bli billigare. Det seier statsminister Erna Solberg (H).

I ettermiddag var det pressekonferanse med statsministeren, Helge André Njåstad (Frp), Knut Arild Hareide (KrF) og Terje Breivik (V) på Arna stasjon.

Firkløveret avslørte litt av det dei fire samarbeidspartia har vorte einige om i samband med arbeidet med Nasjonal Transportplan (NTP), som er venta like før påske.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ein betydeleg del av pengane i NTP vil bli brukt i Hordaland dei komande åra, sa statsministeren og byrja å ramsa opp:

. E16, veg og bane.

. Ringveg aust, firefeltsveg frå Arna til Vågsbotn.

. Sotra-sambandet

. Hordfast

Hordfast skal ifølgje Solberg gjennomførast, trass kostnadssprekken.

- Prosjektet skulle kosta 26 milliarder, no er det oppe i 43. Vi startar i første periode av neste NTP, men prosjektet må fornyast og gjerast billegare, var beskjeden frå statsministeren.

I førre veke opna fleirtalet i fylkesutvalet for å vurdera indre trasé på ny, under gitte føresetnader. Dette avviser Helge André Njåstad (Frp).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg registrerer at dei som utfordrar oss i valet til hausten framleis ønskjer å snakka om traséval. Denne diskusjonen er vi ferdige med for lengst, sa Njåstad og la til at Hordfast vil bety eit gigantisk løft for landsdelen.

- Eg voks opp på Bømlo og såg kva trekantsambandet hadde å seia for utviklinga i regionen. Med denne NTP-en tek vi viktige steg framover når det gjeld Hordfast, påpeika Knut Arild Hareide (KrF).