Ordførarkandidat i Os, Jon Sivert Rykkel (V), og ordførarkandidat i Fusa, Atle Kvåle (Ap), ser mange fordelar med ein Bjørnefjorden-kommune. Fusa treng tilflyttarar, og Os slit med ein folkevekst som er vanskeleg å handtera politisk, påpeikar dei.
Ordførarkandidat i Os, Jon Sivert Rykkel (V), og ordførarkandidat i Fusa, Atle Kvåle (Ap), ser mange fordelar med ein Bjørnefjorden-kommune. Fusa treng tilflyttarar, og Os slit med ein folkevekst som er vanskeleg å handtera politisk, påpeikar dei.

- Bjørnefjorden kommune er det beste alternativet

- Kommunereforma kjem. Me kan lata som ingenting og håpa på det beste, eller aktivt gå inn for den beste løysinga, som eg meiner er å slå Os og Fusa saman, seier Jon Sivert Rykkel (V).

Onsdag trefte «Os og Fusaposten» ordførarkandidat Rykkel og Atle Kvåle, Ap sin ordførarkandidat i Fusa, utanfor Fjord´n Senter for ein prat om kommunesamanslåing. Dei to er skjønt einige i at Os og Fusa bør slå seg saman.

- Om me ikkje gjer noko, så er det veldig lett for dei på Stortinget å trekkja saman kommunar reint geografisk. Det kan raskt skje at dei klemmer Os inn i Bergen, og det ønskjer ikkje eg. Då taper me lokalidentiteten vår, seier Rykkel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Naturleg løysing

Kvåle og Rykkel ser mange fordelar med ein "Bjørnefjorden kommune". Fusa treng tilflyttarar, og Os slit med ein folkevekst som er vanskeleg å handtera politisk, meiner Kvåle.

- I Fusa er det store område som treng tilflytting. Skulestrukturen vil også tena på det, for medan me snakkar om å leggja ned skular, er det sprengt kapasitet på enkelte skular i Os, seier han.

Dei viser også til at det historisk sett er ei naturleg løysing, og at det er same kultur i begge kommunane, der folk ønskjer at deira kommune skal vera ei bygd.

- Og så har me felles lokalavis, ikkje minst, legg Rykkel til.

God og ærleg prosess

For å realisere Bjørnefjorden kommune meiner dei det er viktig med ein god og ærleg prosess, og Rykkel seier at Os ikkje kan sitja på gjerdet og venta.

- Det er viktig korleis me møtar nabokommunane. Kommunereformen er blitt tatt på alvor i Os, og det har vore gode prosessar som er jobba godt med, men haldninga i Os har vore at andre kommunar må ta initiativet, fordi me er størst. Men me må også vera på tilbodssida, meiner Rykkel.